Kort fortalt

Nav-brukarar stort sett fornøgde

Digitaliseringa er godt mottatt.

24.06.2019
NPK-NTB: Brukarane av Nav er stort sett fornøgde med tenestene. Digitaliseringa er òg godt mottatt av både arbeidsgivarar og arbeidstakarar.
Den årlege brukarundersøkinga frå Nav viser at tilfredsheita med tenestene til Nav har vore stabil dei fire siste åra. 77 prosent er tilfreds med tenestene, ein litt høgare del meiner dei er møtt med respekt, og litt færre seier at dei har tillit til arbeidet til Nav.
Sjukmelde er blant dei som er mest fornøgde med tenestene: 86 prosent svarer at dei er fornøgde. Tidlegare år har delen lege på omkring 80 prosent.
– Sjukmelde personar er ein av dei største brukargruppene hos Nav og er derfor ei viktig målgruppe for digitalisering og effektivisering. Det siste året har vi lansert nye digitale tenester som har gjort det enklare for både sjukmelde og arbeidsgivarar å administrere og følgje opp sjukefråværet, seier arbeids- og tenestedirektør i Nav, Kjell Hugvik.
Dei mest fornøgde brukarane er mottakarar av alderspensjon, kontantstøtte, arbeidsavklaringspengar (AAP), barnetrygd og sjukmelde. Personar med nedsett arbeidsevne og lite digital kompetanse slit mest.

Publisert: 24.06.2019 11:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33