I fjor vart det skrive ut 65.000 fotoboksførelegg. Det var 5.000 færre enn året før. Det ligg an til ein tilsvarande nedgang i år.
Så langt i år er det skrive ut 40.629 bøter knytt til for høg fart forbi fotoboksane. Til og med august har det blinka i boksane rundt 41.000 gonger.
– Det viser seg generelt at folk er flinkare til å halde fartsgrensa no. Det er fleire og fleire som held seg til lovleg grense, seier Vivi-Ann Haukås ved ATK-sentralen til politiet til P4-nyheitene.
Til no i år har det vorte betalt inn 127 millionar kroner i fotoboksbøter. I tillegg kjem 12,5 millionar kroner i bøter på strekningsmålingane.
Også i dei ordinære fartskontrollane langs vegane er det færre som har vorte teke for å køyre for fort i år.
Utrykkingspolitiet melder òg om ein nedgang i talet på førarkortbeslag. Det same kan Haukås melde om.
I alt 1.500 har vorte meldt etter å ha vorte avslørt av fotoboksar i dei åtte første månadene i år, og 315 har mista lappen. Begge delar er ein nedgang frå i fjor.
Publisert: 24.09.2021 09:24
Sist oppdatert: 24.09.2021 09:26