NPK-NTB: Talet på fysiske butikkar har gått ned med 10,6 prosent dei ti siste åra. Netthandel blir peika på som årsaka.
Tala er frå 2008 til 2017 og er henta frå Virke, skriv .
Harald Andersen, direktør for Handel i Virke, seier til kanalen at det har vorte langt færre fysiske butikkar i Noreg dei siste åra.
– Utfordringane er generelt at handel har gått frå å vere lokal næring, der konkurrentane er på andre sida gata, til å bli ei global næring, der konkurrentane er på andre sida av kloden, berre eit tommelfingertrykk unna forbrukarane, seier han.
Han trur ikkje butikkane kjem til å forsvinne, men seier at butikkeigarar òg har eit ansvar om å tilpasse seg den nye utviklinga.
– Eg trur det er heilt nødvendig for kvar enkelt som skal drive butikk, å vere tilgjengeleg for kundane sine. Både i den fysiske butikken, men også i den digitale kanalen, meiner Andersen.

Publisert: 13.06.2019 08:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34