Kort fortalt

Nedtur for norsk handverksøl

Småbryggeria hadde eit tungt år i fjor.

29.03.2019
NPK: Salet av handverksøl fall med 1,2 millionar liter frå 2017 til 2018, ein nedgang på 11,6 prosent, ifølgje tal frå Bryggeri- og drikkevareforeningen.
Det samla konsumet av norskbryggja øl auka samtidig med 11 millionar liter.
Småskalaprodusentane merkar auka prispress, samtidig som det har vore stor overetablering av bryggeri, meiner Petter Nome i Bryggeriforeininga.
– Dei siste to åra har vi sett 18 bryggerikonkursar, men det blir stadig etablert nye. Det skaper nok ei forvirring blant forbrukarane. Det blir kanskje for mykje å velje mellom, seier Nome til Dagens Næringsliv.
Nome trur likevel nedturen er mellombels og viser til utvikling i USA. Der starta trenden med handverksøl alt på 1980-talet og har etter fleire opp- og nedturar no stabilisert seg på rundt 12 prosent av volumet i USA. I Noreg utgjorde handverksøl i fjor rundt 4,5 prosent av det samla produksjonsvolumet her til lands.

Publisert: 29.03.2019 08:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36