Kort fortalt

Nesvik fekk etterlønn i ny jobb

Fleire politikarar må betale tilbake.

Marius Rosbach
07.09.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Minst fem tidlegare stortingsrepresentantar må betale tilbake etterlønn dei fekk frå Stortinget etter at dei gjekk av etter førre stortingsval.

Det viser ein gjennomgang Dagens Næringsliv har gjort.

Måndag avslørte avisa at tidlegare Frp-representant Jan Arild Ellingsen hadde fått over 800.000 i etterlønn sidan han fråtredde, og at han hadde opplyst til Stortinget at han ikkje hadde jobb medan han i røynda dreiv eit rådgivingsselskap.

No har avisa funne ytterlegare fire tidlegare representantar som har fått etterlønn utan å seie frå til Stortinget om at dei samtidig hadde arbeid og inntekt. Desse må betale tilbake.

Det gjeld Høgres Gunnar Gundersen, Arbeidarpartiets Truls Wickholm, Senterpartiets Anne Tingelstad Wøien og Frps Harald Tom Nesvik.

Ålesundaren Nesvik starta i Sølvtrans-reiarlaget i november 2017, og fekk same månad etterlønn frå Stortinget. Han fortel til avisa at det blei sagt frå munnleg, men dette finst det ikkje dokumentasjon på.

Alle fire beklagar og seier til avisa at dei er i dialog med Stortinget om å betale tilbake og rette opp feilen.

I opptil tre månader etter avgang kan avgåtte representantar få fråtredingsyting tilsvarande full godtgjersle. Inntekt og arbeid skal rapporterast inn, så Stortinget kan vurdere avkorting.


Publisert: 07.09.2021 09:42

Sist oppdatert: 07.09.2021 09:52

Mer om