Kort fortalt

Nettbruk gir auka trivsel

Studie viser positivt forhold mellom nettbruk og trivsel blant barn.

NPK
27.06.2022

Debatten kring skjermtid og konsekvensar har gått lenge. Ein ny studie viser at barn og unge som brukar mykje tid på nett, òg har høgare trivsel.

– Eit negativt syn på skjermbruk kan vere framandgjerande for barn og unge. Når vi ser på korleis norske og unge faktisk har det, ser vi eit positivt forhold mellom kor lenge dei er på nett og kor bra dei har det, seier professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo, Elisabeth Staksrud, til Bergens Tidende.

Utgangspunktet for analysen er studien EU Kids Online 2020 som har forska på norske og europeiske barn og unge mellom 9 og 17 år og deira bruk av internett.

Rapporten viser at norske barn brukar nesten éin time meir på nett enn det europeiske gjennomsnittet. Samstundes viser det seg at norske barn kjenner seg tryggare på nett enn andre europeiske barn.

I ein annan studie kom det fram at skjermbruk er nesten øvst på lista over ting norske foreldre bekymrar seg for med barna sine.

– Det er viktig å kunne ha eit edrueleg forhold til tydinga av tid brukt på nett. Om barn og unge opplever eit einsidig negativt fokus, er det ikkje sikkert dei seier ifrå til foreldra sine om dei opplever noko negativt, seier Staksrud.

Publisert: 27.06.2022 14:25

Sist oppdatert: 27.06.2022 14:27