NPK-NTB: Nordmenn brukte 40 milliardar kroner på varer og tenester kjøpt over internett i utlandet i fjor. Dei aller fleste varekjøpa kom under 350-kronersgrensen.
40 milliardar kroner på varer og tenester er meir enn ei dobling frå 2012. For seks år sidan brukte nordmenn til saman 15 milliardar kroner på netthandel med utlandet, viser førebelse berekningar baserte på kortdata, opplyser .
Av dei 40 milliardane nordmenn brukte på utanlandshandel i fjor, utgjorde drygt 22 milliardar import av varer. Oversikta viser dessutan at varer til ein verdi av 350 kroner eller lågare utgjer ein betydeleg del av dette beløpet – 18,4 milliardar kroner. Varer som oversteig 350-kronersgrensen, utgjorde litt over 4,4 milliardar kroner.
SSB set den klare overvekten av handel av varer under 350 kroner i klar samanheng med at terskelverdien for avgiftsfritak og dermed registreringsplikt i 2015 vart heva frå 200 kroner eksklusiv frakt til 350 kroner inklusiv frakt.
– Sjølv om det heftar stor uvisse ved tala, kan det rimeleg sikkert konstaterast at den direkte importen til hushalda har auka betrakteleg dei siste åra, og mest sannsynleg på grunn av det auka omfanget av import av varer under terskelverdiane for deklarasjon, skriv SSB.

Publisert: 11.10.2018 14:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37