Kort fortalt

Kaffi, mjølk og ost blir dyrare

Større hopp enn vanleg.

NPK
02.02.2022

(NPK): Den halvårige justeringa av leverandørprisane på matvarer 1. februar gjer i år eit litt større hopp oppover enn vanleg. Særleg kaffi, mjølk, ost, smør, frosne bær og pasta blir dyrare.

Det er ulike grunner til at leverandørane i daglegvaremarknaden set opp prisane, men i år er mykje av forklaringa auka råvare- og auka transportkostnader, skriv Nationen.

Daglegvareekspert Odd Gisholt trur likevel ikkje prisane går fullt så kraftig opp i butikkane, og at det vil vere avgrensa til enkeltvarer.

– Det kan gjelde enkeltvarer som kaffi, der råvareprisane har gått veldig opp. Stort sett kan forbrukarane framover mot påska og våren gle seg over sterk konkurranse, og prisane kjem til å vere temmeleg konstante, seier Odd Gisholt til NRK.

Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen stadfestar at prisane i butikkane ikkje automatisk følgjer leverandørprisane.

– Det som skjer i butikk, har ikkje alltid ein direkte samanheng med auka prisar frå leverandørane. Ulike forhold, ikkje minst den aktuelle konkurransesituasjonen, avgjer kva som blir prisen i butikk, seier Søyland til Nationen.

Nortura vedtok tysdag også ein ekstraordinær auke i leverandørprisane på egg og kjøtt på opptil 5,5 prosent. Dei nye prisane gjeld frå 28. februar og kan òg få utslag på prisane i butikk utover våren.

(©NPK)

Publisert: 02.02.2022 11:58

Sist oppdatert: 02.02.2022 12:02

Mer om