Kort fortalt

No er trevareprisen på veg ned

Gjorde kraftig hopp under pandemien.

Marius Rosbach
05.07.2022

(NPK): Trevareprisen hadde eit kraftig hopp under pandemien, men er no på veg ned.

Prisane på ei rekkje råvarer auka kraftig under koronapandemien. Prisen på trelast auka med heile 65 prosent på eitt år. No er prisane på trevare på veg ned igjen.

Administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien seier det er eit gjennomsnittleg prisfall på 23 prosent for trelast ut frå produsent til forhandlarar. Det kan vere kjeder som til dømes Maxbo eller Byggmakker. Dei ferske tala frå treindustrien viser at prisen har falle frå august i fjor til juni i år.

– Folk trur at trelastprisane er mykje høgare enn dei faktisk er. Vi har nettopp gjort ei marknadsundersøking som viser at trelastprisane har falle kraftig den siste tida, seier Heidi Finstad, administrerande direktør i Treindustrien, til NRK.

Årsaka til at prisane igjen går ned, er at det blir produsert meir og etterspurnaden er mindre enn under pandemien.

Kjell Vidar Dokke, administrerande direktør ved Byggmakker Handel, seier at trelast har vore rimeleg i Noreg. No må ein venne seg til eit stabilt, men høgare nivå enn før pandemien.

– Vi trur ikkje at trelastprisane kjem til å kome ned på 2020-nivået igjen, seier Kjell Vidar Dokken, administrerande direktør i Byggmakker Handel.

(©NPK)

Publisert: 05.07.2022 11:11

Sist oppdatert: 05.07.2022 11:12

Mer om