No har søkjarar fått vgs-tilbod
Færre unge utan tilbod.
(NPK): Denne veka fekk litt over 9000 søkjarar tilbod om plass på vidaregåande til neste skuleår i Møre og Romsdal. Færre står utan tilbod enn i fjor.
Den 4. juli fekk 9375 søkjarar i Møre og Romsdal tilbod om plass på vidaregåande skule til hausten, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.
– Vi vil sørgje for at alle søkarar med ungdomsrett får skuleplass til skulestart. Andre søkarar vil ikkje få tilbod før alle med ungdomsrett har fått plass, seier kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Men av erfaring seier Flovikholm at ein god del av dei andre søkjarane på venteliste vil få plass ved andreinntaket i august.
Etter førsteopptaket, som hovudsakeleg består av søkjarar med ungdomsrett, er det totalt 94 søkjarar på alle trinna som står utan tilbod. Det er 31 færre enn i fjor. Av desse er det 43 elevar som har søkt vg1.
Ungdomsrett er for elevar som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, og har med dette rett til tre år med vidaregåande opplæring på heiltid. Denne retten gjeld ut det skuleåret som tek til det året eleven fyller 24.
(©NPK)
Publisert: 05.07.2022 14:36
Sist oppdatert: 05.07.2022 14:37