NPK-NTB: No kan du sleppe å måtte ha med deg det fysiske førarkortet ditt når du køyrer bil. Frå tysdag kan du laste ned ein app og ha førarkortet på mobilen din.
Noreg er dermed visstnok det første landet i Europa som rullar ut løysinga i full skala, melder Statens vegvesen på nettsidene .
Ordninga trer i kraft frå tysdag 1. oktober og gjeld for 2,2 millionar nordmenn.
Appen, som heiter «Førerkort», er tilgjengeleg på Apple store og Google play.
Det digitale førarkortet er gyldig dokumentasjon på førarrettane dine og gyldig som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll. Du treng ikkje å ha med plastkortet i tillegg.
Det digitale førarkortet er likevel berre gyldig i Noreg, og skal du leige bil, enten i Noreg eller i utlandet, må du framleis i ein periode vise fram plastkortet.
Det vil framleis bli utskrive fysisk førarkort, både til dei som får førarkort for første gong og ved fornying.

Publisert: 01.10.2019 09:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32