Kort fortalt

No kan du søke opp gjelda di

Klart for ny gjeldsportal.

29.06.2019
NPK: Måndag 1. juli opnar gjeldsportalen norskgjeld.no. Der vil ein kunne søke på kva ein har i usikra forbrukslån.
Gjeldsportalen blir drifta av Norsk Gjeldsinformasjon, og samlar gjeldsdata frå rundt 200 finansverksemder. På portalen vil ein gratis kunne søke opp seg sjølv og kva ein skuldar.
– Norske forbrukarar har rundt 117 milliardar kroner i usikra forbrukslån. Det er eit veldig høgt tal. Mange har kontroll på kva dei har i kredittkortgjeld, men ikkje alle. Nokon har lånt for mykje, andre manglar oversikt over kva dei skuldar og til kva verksemder, seier Svein Ove Karstensen, administrerande direktør i Norsk Gjeldsinformasjon, i ei pressemelding.
Styremaktene i Noreg har spurt etter eit register over gjeld grunna kraftig vekst i usikra forbrukslån.
Portalen vil òg bli brukt av bankar til å søke opp låntakarar.
– Det vil bli lettare for bankane å seie nei til kundar som ynskjer å ta opp meir lån enn dei klarer å betale. Dermed unngår vi at folk endar opp i gjeldsfella, seier Karstensen.
Det er berre usikra forbruksgjeld som blir ført opp i gjeldsportalen, men Karstensen håper at bustadlån, billån, studielån og skattegjeld òg skal bli ein del av portalen.

Publisert: 29.06.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33