Kort fortalt

No kjem det masse snø

Gult farevarsel frå Meteorologisk institutt.

NPK
05.12.2022

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel i samband med at det er venta mykje snø i Trøndelag og Møre og Romsdal frå natt til tysdag.

– Frå natt til tysdag er det venta snøbyer under 300 meter, og søkkande snøgrense utover tysdagen. Det er venta rundt 10–25 centimeter snø på 24 timar, med store lokale forskjellar. Mest snø er venta i ytre strøk, skriv Meteorologisk institutt.

Varselet gjeld for Trøndelag og Møre og Romsdal i perioden frå klokka 1 natt til tysdag, og fram til klokka 19 onsdag kveld.

Meteorologane skriv at det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold, og at snøfokk kan gi redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og stengde vegar.

Publisert: 05.12.2022 10:44

Sist oppdatert: 05.12.2022 10:46

Mer om