NPK: Nofence, selskapet bak digitale gjerdesystem for husdyr, melder at alle klavar no skal vere tilbake i normal drift etter ei periode med tekniske problem.
Dagleg leiar Joachim Kähler seier at dei ikkje har registrert nye avvik sidan torsdag ettermiddag, skriv Nationen.
– Basert på den positive utviklinga, anbefaler vi å aktivere beitegrensa igjen for klavane det gjeld, seier Kähler til avisa.
Problemet gjaldt under fem prosent av klavane, hovudsakleg eldre versjonar kjøpt fram til byrjinga av 2023. Desse klavane gav dyra støyt sjølv når dei var godt innanfor dei avgrensa områda, noko som kom av unøyaktig GPS-posisjon.
– Vi arbeider vidare med tiltak for å hindre at liknande situasjonar oppstår igjen. Vi er også i tett dialog med Mattilsynet og dei råka for å sikre trygg, stabil og føreseieleg drift, forklarar Joachim Kähler.
Publisert: 08.08.2025 11:29
Sist oppdatert: 08.08.2025 11:29





