Kort fortalt

Nok vindkraft i Europa til heile verda

Noreg har stort potensial – og mykje plass. 

Marius Rosbach
21.08.2019
To rapportar slår fast at Norge har gode moglegheiter til å lage energi frå vindkraft.
I ein studie publisert av Science Direct kjem det fram at Europa har plass til 11 millionar vindmøller. Det skal vere nok til å lage meir straum enn det er venta at verda vil bruke i 2050, ifølgje .
Norge, Tyrkia og Russland er landa som kjem best ut, og omtalast som land med lite vindenergi, store ressursar og mykje plass.
Ein anna rapport, Global Offshore Wind Market Report, frå Norwegian Energy Partners viser at havvind vil auke med 24 prosent årleg dei neste fem åra. Det er meir enn venta og betyr at ein kan vente ein installert kapasitet på 85 gigawatt i 2024, ifølgje NTB.

Publisert: 21.08.2019 09:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33