(NPK): Det er «ikkje unaturleg» for selskapet Nordic Mining å vurdere søksmål mot Engebø-aksjonistane.
Sidan selskapet tok til med prøveboringar i Engebøfjellet ved Førdefjorden i byrjinga av februar, har motstandarar av prosjektet aksjonert på staden, fortel . Aksjonistane har skapt forseinkingar i arbeidet, og ifølgje Nordic Mining påført selskapet betydelege tilleggskostnader.
Fram til før helga hadde aksjonistane samla fått rundt ein halv million kroner i bøter. Administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining seier søksmål kan bli aktuelt.
– Det er ikkje unaturleg at det skjer, men vi har ikkje fatta noko vedtak enno. Det kan bli både enkeltindivid og organisasjonar, seier Fossum til NRK.no. (©NPK)

Publisert: 15.02.2016 16:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48