Kort fortalt

Nordmenn ferierte for 99 milliardar

Vi brukar stadig meir på ferie.

22.03.2019
NPK: Dei førebelse tala frå SSB viser at nordmenn brukte 99 milliardar på ferie i 2017. Det er ein auke på 1,6 prosent frå året før. Samla ferieutgifter for norske og utanlandske turistar er på 177 milliardar.
Pakkereiser og liknande utgjorde om lag 19 prosent av turistkonsumet med ein auke på 4 prosent samanlikna med 2016. Kjøp av ikkje-karakteristiske produkt som daglegvarer, kle og bruk av eiga hytte innanlands var med på å auke veksten med 0,6 prosentpoeng. På den andre sida var det ein nedgang i kjøp av overnatting- og serveringstenester.
Turistar frå utlandet brukte i underkant av 53 milliardar og hadde eit auka forbruk på 2,8 prosent. Samla turistkonsum frå utanlandske turistar er berekna til 29,8 prosent.
Bruttoproduktet i reiselivsnæringane er berekna til 120 milliardar kroner og utgjorde 4,3 prosent av BNP for Fastlands-Noreg. Tenester frå norske aktørar tilbydd utanfor Noreg blir også rekna med i bruttoproduktet ettersom kjøp av tenestene fell på norsk økonomi.

Publisert: 22.03.2019 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35