Kort fortalt

Nordmenn får meir for pengane ved fleire reisemål

Styrkt krone gjer det billegare å feriere fleire plassar.

NPK
29.09.2025

(NPK): Styrkt krone gjer haustferien i utlandet billegare for nordmenn. Krona har styrkt seg mot valutaene som blir brukte på mange destinasjonar, særleg i Asia, USA og Storbritannia. Tyrkia skil seg ut med ei styrking på heile 22 prosent for norske turistar det siste året, skriv E24.

Reiseoperatørane Apollo, TUI og Ving melder at salet starta tidleg i år, og haustferien er så å seie utseld frå heile landet. TUI såg ein auke på 19 prosent i bestillingar etter at Noregs Bank sette ned styringsrenta i førre veke.

– I Albania får ein mykje meir for den norske krona, så det vil eg tru er ein av årsakene til at så mange reiser dit i haustferien i år, seier kommunikasjonssjef Anne Mørk-Løwengreen i TUI Norge til E24.

Samla har den norske krona styrka seg 2,29 prosent mot valutaene til Noregs viktigaste handelspartnarar det siste året. Svenske kroner har derimot blitt dyrare, og nordmenn i Sverige må no betale om lag 3 kroner meir per hundrelapp enn i fjor.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2025 12:37

Sist oppdatert: 29.09.2025 12:37

Mer om