Kort fortalt

Nordmenn mindre uroa for økonomien

Tilbake på nivået før pandemien.

Marius Rosbach
10.05.2021

(NPK-NTB): 20 prosent oppgir no at dei er bekymra for den personlege økonomien sin som følgje av pandemien. Det er det lågaste nivået sidan Noreg vart koronaramma.

Dette kjem fram i Norsk koronamonitor , som er gjennomført av Opinion.

Talet for mai i år er 6 prosentpoeng lågare enn i mai i fjor og 14 prosentpoeng lågare enn då Noreg stengde ned i mars i fjor.

Samtidig er 40 prosent av dei spurde bekymra for den norske økonomien som følgje av pandemien.

– Dobbelt så mange bekymrar seg for den norske økonomien som for den personlege økonomien sin, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Dette er likevel òg det lågaste bekymringsnivået så langt under pandemien – heile 26 prosentpoeng lågare enn i mars i fjor.

I undersøkinga for mai seier 44 prosent at dei har tillit til at regjeringa har sett i verk dei nødvendige økonomiske tiltaka for å avgrense skadeverknadene på norsk økonomi. Dette er ein auke på 5 prosentpoeng frå april, og for første gong på eitt år aukar tilliten.

(©NPK)

Publisert: 10.05.2021 08:01

Sist oppdatert: 10.05.2021 08:02

Mer om