LTX4 H4m P Ud U
Over 40 prosent av befolkninga seier dei har fått dårlegare økonomi så langt i år og berre 18 prosent trur dei får meir å rutte med det neste halve året. Foto: Frelsesarmeen
Kort fortalt

Nordmenn trur ikkje på økonomisk vendepunkt

Kvar fjerde nordmann trur dei vil få dårlegare råd det neste halve året.

NPK
16.09.2024

NPK: Det er Frelsesarmeens fattigdomsbarometer for tredje kvartal som viser at fleire fryktar tøffare tider

Over 40 prosent av befolkninga seier dei har fått dårlegare økonomi så langt i år og berre 18 prosent trur dei får meir å rutte med det neste halve året.

– Det er altfor tidleg å friskmelde den økonomiske situasjonen til folk. Vi er over den mest pessimistiske perioden, men vi ser at så langt i år har det vorte fleire som trur dei vil få dårlegare råd framover, seier assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, Elin Herikstad, i ei pressemelding.

18 prosent trur på betring
Frelsesarmeens fattigdomsbarometer for tredje kvartal viser at 24 prosent av befolkninga forventar å få dårlegare økonomi det neste halve året og berre 18 prosent trur den vil bli betre. Førre kvartal svarte 22 prosent at dei ville få dårlegare økonomi og 22 prosent at den ville bli betre.

I tredje kvartal er det totalt 81 prosent som meiner økonomien vil bli den same, eller verre, det neste halve året. Det er ein nedgang frå 87 prosent same kvartal i fjor, men opp frå 76 prosent frå førre kvartal.

Publisert: 16.09.2024 13:48

Sist oppdatert: 16.09.2024 13:48