NPK-NTB: I fire av ti kommunar på Nordmøre er det fleirtal for å «melde flytting» til Trøndelag. Ordførarane seier dei tar ønsket frå folket alvorleg.
Ei undersøking gjort for Kristiansund-avisa Tidens Krav viser at 49 prosent av innbyggarane i dei ti kommunane på Nordmøre heller vil vere ein del av Trøndelag. 38 prosent vil bli verande i Møre og Romsdal, skriv .
I fire kommunar – Aure, Kristiansund, Smøla og Halsa – er det fleirtal for å slutte seg til trønderane. Halsa har allereie vedtatt å byte fylke frå nyttår.
– Dette må vi ta på alvor. Veljarane forlanger svar, seier ordførar Kjell Neergaard (Ap) i Kristiansund. Han meiner politikarane i regionen saman bør diskutere fordelar og ulemper og korleis ein skal sikre ei godt demokratisk forankra avgjerd.
– Når to tredelar av innbyggarane ønsker ein annan regiontilknyting, er ikkje det noko vi kan kimse av, seier kollega Ingunn Golmen (Sp) i Aure.
Professor emeritus Reidar Almås seier framtida til Møre og Romsdal er usikker dersom kommunane melder overgang til Trøndelag.
– Dei berga seg med eit nødskrik i førre runde av regionreforma. Mister dei ein betydeleg del av fylket til Trøndelag, kan dei bli for små til at regjeringa meiner det er berekraftig som eige fylke, seier bygdeforskaren.

Publisert: 11.04.2019 08:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35