NPK: Nordsjøtorsken har hatt berekraftsertifikatet til Marine Stewardship Councils sidan juni 2018, men ein redusert bestand gjer at MSC-skiltet no blir trekt tilbake.
Årsaka til «avskiltinga» kjem av at det internasjonale havforskingsrådet (ICES) vurderer at bestanden igjen er fallande, skriv .
MSC-fiskeristandarden blir brukt til å vurdera om eit fiske er godt forvalta og berekraftig.
Det siste kvoterådet frå ICES gjorde at sertifiseringsselskapet DNV GL reviderte grunnlaget for sertifikatet. Det enda med at MSC-sertifikatet på nordsjøtorsk blei suspendert frå 24. oktober 2019,
Suspensjonen gjeld ifølgje Noregs Fiskarlag torsk fanga sør for 62 grader i ICES område IIIa og IV.
– Me noterer òg at sertifisert fisk som er landa og lagra før denne datoen framleis kan omsetjast som sertifisert, så lenge fangstdato kan dokumenterast gjennom verdikjeda, opplyser miljørådgivar Tor Bjørklund Larsen i Norges Fiskarlag.
Nordsjøtorsk er ein del av eit MSC-sertifikat som også gjeld sei, lysing og hyse. Desse artene blir likevel ikkje ramma av suspensjonen.

Publisert: 25.09.2019 12:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32