98b924f1fea8 lepsoeybrua foto henrik knarvik
NORDØYVEGEN: Lepsøybrua (800 meter) er den lengste brua på Nordøyvegen. Foto: Henrik Knarvik
Kort fortalt

Nordøyvegen som Nasjonal turistveg

Fylkeskommunedirektøren foreslår også at Norangsdalen blir Nasjonal turistveg.

23.09.2022

Fylkeskommunedirektøren meiner at Nordøyvegen og Norangsdalen er mest relevant som nye strekningar i Nasjonal turistveg-konseptet.

Frå før har Atlanterhavsvegen mellom Bud og Kårvåg, og Geiranger-Trollstigen status som Nasjonale turistvegar i Møre og Romsdal.

Det er Statens vegvesen som har opna for innspel om nye strekningar som potensielt kan bli nye Nasjonale turistvegar. Ei eventuell utviding av Nasjonal turistveg skjer i samband med Nasjonal transportplan 2025-2036.

I saksframlegget til samferdselsutvalet skriv fylkeskommunedirektøren at dei positive ringverknadene av statusen som Nasjonal turistveg kan vere store: «Møre og Romsdal har som ambisjon å bli opplevingsfylke nr. 1 i Norge. Nye nasjonale strekningar til fylket passar svært godt med denne ambisjonen».

Fylkeskommunedirektøren skriv følgande om dei to strekningane: «Nordøyvegen og heile vegen fram til Aukra gir unike naturopplevingar undervegs mellom øyar med ulik topografi kor køyreturen i seg sjølv er ein del av opplevinga i eit skiftande kyst- og havlandskap». Og: «Fylkesveg 655 gjennom Nordangsdalen går gjennom eit landskap med unike naturkvalitetar og køyreturen byr i seg sjølv på ei fin oppleving gjennom dalen».

Møre og Romsdal fylkeskommune er høyringsinstans og har invitert reiselivsaktørar og kommunar til å kome med sine innspel i høyringsprosessen.

Her er innspela som kom inn:

  • Forlenging av eksisterande turistveg langs Atlanterhavsvegen, nordover frå Kårvåg-Kvernes-Bremsnes, alternativt også vidare frå Kristiansund over Tustna, ut til Smøla og Veiholmen, og sørover via Bud-Elnesvågen-Jendem-Gossen-Ona-Finnøya-Harøya og vidare på den nye Nordøyvegen (forslag frå Visit Nordvest).
  • Utviding av den nasjonale turistvegen mellom Trollstigen-Geiranger med start i Åndalsnes sentrum og med ei forgreining frå Sogge bru til Trollveggen/Horgheimseidet langs E136 og Rauma elv (forslag frå Visit Nordvest og støtta av Rauma kommune, Rauma Næringslag, Åndalsnes Sentrum, Romsdal Reiseliv, Romsdalen AS, Norsk Tindesenter og Nordveggen AS).
  • Utviding av Nasjonal turistveg mellom Trollstigen-Geiranger med ei forgreining frå Linge til Ørskog (forslag frå Fjord kommune og Ålesund kommune).
  • Ny nasjonal turistveg langs Nordøyvegen – inkl. Ona/Finnøya (forslag frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre).
  • Forlenging av eksisterande turistveg til Hjørundfjorden (Geiranger-Geirangerfjorden-Hellesylt-Norangsdalen-Leknes-Sæbø-Bondalen-Standalseidet-Store Standal-Festøya/alternativt frå Leknes med ferjestrekninga til Sæbø-Trandal-Store Standal vidare til Festøya (forslag frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre).
  • Forlenging av eksisterande turistveg frå Geirangerfjorden/Hellesylt-Norangsdalen-Hjørundfjorden-Eiksund-Runde (forslag frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre).
  • Nasjonal turistveg på fv. 655 gjennom Nordangsdalen frå Haugen i Stranda kommune til Skylstad i Ørsta kommune (forslag frå Stranda kommune, støtta av Ørsta Næringskontor).
  • Nasjonal turistveg på fv. 60 frå Stranda til Sykkylven gjennom Velledalen (forslag frå Sykkylven Næringsutvikling AS).

Basert på kriteria som Statens vegvesen har sett, meiner fylkeskommunedirektøren at det er relevant å spele inn to nye strekningar i nye område av Møre og Romsdal, utover dei områda som allereie er ein del av konseptet i dag. Vurderinga er at Nordøyvegen og Norangsdalen særleg kan vere aktuelle som nye Nasjonale turistvegar.

I tillegg viser fylkeskommunedirektøren til dei andre innsendte forslaga.

Samferdselsutvalet har møte torsdag 29. september, og utvalet avgjer saka endeleg.

Publisert: 23.09.2022 15:10

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:13

Mer om