Noreg inngår industripartnarskap med EU
Skal sikre fleire norske arbeidsplassar mellom anna i batteriproduksjon.
(NPK-NTB – Bibiana Piene): Ein ny industripartnarskap med EU skal sikre fleire norske arbeidsplassar innan mellom anna batteriproduksjon.
– Denne industripartnarskapen skaper ein vinn-vinn-situasjon for Noreg og EU. Skal vi nå dei ambisiøse måla våre for klima og grøn omstilling, er vi avhengige av å jobbe endå tettare og meir målretta, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Torsdag sette han og EU-kommissær Maros Sefcovic namnetrekka sine under industriavtalen.
Første under grøn paraply
Avtalen er den første under den grøne alliansen som Noreg og EU inngjekk i fjor vår.
Noreg er ein viktig leverandør av mange kritiske råvarer som er nødvendige i batteriproduksjonen, og avtalen omfattar først og fremst å byggje opp berekraftige verdikjeder innan landbaserte kritiske råvarer og batteri.
Ifølgje Vestre har regjeringa jobba hardt for å få industripartnarskapen på plass.
– Med denne partnarskapen vil vi nå klimamåla raskare, samtidig som vi legg til rette for økonomisk vekst, større investeringar og fleire grøne arbeidsplassar i Noreg, seier Vestre.
Ministermøte og tidleg dialog
Avtalen medfører mellom anna at Noreg får delta i ministermøta i EUs batteriallianse (EBA).
Partnarskapen skal også bidra til betre tilgang for Noreg til tidleg dialog og samarbeid med EU om relevante næringspolitiske utfordringar og problemstillingar som vil påverke Europa framover.
Den grøne alliansen er eit rammeverk for forsterka klima-, miljø-, energi- og industrisamarbeid med EU og er eit supplement til EØS-avtalen.
Det siste året har Noreg inngått fleire grøne industripartnarskapar, mellom anna med Tyskland, Frankrike og Japan. I tillegg blir det jobba med å få plass avtalar med andre utvalde land, som Storbritannia, USA og Norden.
Publisert: 22.03.2024 08:09
Sist oppdatert: 22.03.2024 08:09