Jannicke Mikkelsen foto Space X Fram2 Handout NTB
TIL ÅLESUND: Noreg sin første astronaut, Jannicke Mikkelsen, kjem rett frå Los Angeles til NMK i Ålesund for å fortelje og inspirere, ifølgje arrangøren. Foto: SpaceX/Fram2/Handout/NTB.
Kort fortalt

Noreg sin første astronaut til Ålesund

Jannicke Mikkelsen kjem til it-konferanse.

Marius Rosbach
12.05.2025

Noreg sin første astronaut, Jannicke Mikkelsen, er trekkplasteret når Tussa IKT arrangerer Teknomagi i Ålesund 12. juni.

It-konferansen går av stabelen på NMK og vil samle leiande fagpersonar, innovatørar og teknologientusiastar frå heile regionen. 

Mikkelsen skal snakke om temaet «Vegen til verdsrommet» der ho tek publikum med bak kulissane i romfartslivet, og deler erfaringar frå ein kvardag der teknologi ikkje berre er verktøy, men livsnaudsynt, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Asgeir Vikanes, Finn A. Egeness, Pål Haugen og Arne Hjeltnes er mellom dei som deltek på konferansen. I tillegg vert det vert det paneldiskusjonar og temasesjonar. Programleiar er Ålesund-forfattar og journalist Bjørn Vatne.  

Publisert: 12.05.2025 11:47

Sist oppdatert: 12.05.2025 13:19

Mer om