– Noreg vil bli akterutsegla
Kraftoverskotet kan bli oppspist innan fem år.
Auka forbruksplanar og små produksjonsaukar vil i løpet av fem år viske ut kraftoverskotet i Noreg på 10 prosent, meiner Statnett.
– Utan ny kraftproduksjon vil Noreg miste fortrinnet sitt og bli akterutsegla samanlikna med landa rundt oss, seier konserndirektør for kraftsystem og marknad i Statnett, Gunnar Løvås til NRK.
Det er dei kommande åra planlagd ein stor auke i straumforbruket, mellom anna gjennom elektrifisering av ei rekkje bransjar.
Trass den høge straumprisen for tida, ventar Statnett normalisering til våren.
– Men på sikt, viss vi ikkje byggjer ut kraftproduksjonen i Noreg, vil vi miste fortrinnet vårt med lågare kraftpris enn nabolanda. Då blir det meir attraktivt å byggje ny industri andre stader, seier Løvås, som meiner kraftproduksjonen må aukast dersom Noreg skal ha større verdiskaping.
Publisert: 22.12.2021 07:53
Sist oppdatert: 22.12.2021 07:54