Kort fortalt

Noregs Bank hevar renta

Styringsrenta opp til 1,25 prosent.

20.06.2019
NPK-NTB: Noregs Bank har vedtatt å heve styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, frå 1 til 1,25 prosent. Det kunngjorde sentralbanksjef Øystein Olsen torsdag.
Rentehoppet betyr at sentralbanken har sett opp styringsrenta tre gonger sidan september i fjor. Styringsrenta har no nådd det høgaste nivået sitt på fire år.
– Det er god vekst i norsk økonomi, og kapasitetsutnyttinga blir anslått å vere noko over eit normalt nivå. Den underliggande prisveksten er litt høgare enn inflasjonsmålet, skriv Noregs Bank i grunngivinga si.
– Samtidig bidrar handelskonfliktane til betydeleg utryggleik om utviklinga internasjonalt. Utryggleik om verknadene av pengepolitikken taler for å gå varsamt fram i rentesetjinga. Samla sett tilseier utsiktene og risikobildet at styringsrenta blir auka noko framover, heiter det vidare.
Oppgangen har vore venta, sidan norsk økonomi for lengst har henta seg inn igjen etter oljenedturen. Veksten er god, arbeidsløysa låg, kapasitetsutnyttinga over normalen og prisveksten noko høg.
Fram til september i fjor hadde renta lege på 0,5 prosent sidan mars 2016.
Analytikarane antar at renta skal vidare opp i tida som kjem.

Publisert: 20.06.2019 12:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34