Ken Blindheim er tilsett som framtidsnavigatør i nye Ålesund kommune, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Blindheim er for tida dagleg leiar i rådgivingsselskapet Ikaro Solutions. Han har doktorgrad i strategisk økonomistyring frå Norges Handelshøyskole og har lang erfaring med tverrfagleg produkt-, prosess- og organisasjonsutvikling.
Stillinga som framtidsnavigatør er den første i sitt slag i Norge. Framtidsnavigatøren har hovudansvaret for å utvikle samabeida den nye kommunen har etablert med næringsliv og akademia. Blindheim skal også utvikle og sette i system den overordna innovasjonsstrategien til nye Ålesund. Mange av arbeidsoppgåvene er nybrotsarbeid med stort handlingsrom, og for å lukkast må tilsette, innbyggarar og samarbeidspartar vere involverte i arbeidet.
Fram mot 2020 inngår stillinga i prosjektteamet for nye Ålesund kommune.
Framtidsnavigatøren vil ha kontorplass på Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) Blue Innovation Arena og på prosjektkontoret til nye Ålesund. Ei av oppgåvene til Blindheim er å legge til rette for at kommunen blir ein aktiv del av det nasjonale testmiljøet ved ÅKP, med innovasjonsprosjekt, nettverksbygging, kompetanseheving og idéutvikling.
I pressemeldinga vert det vist til at tilsettinga av Ken Blindheim som framtidsnavigatør, er ein del av nye Ålesunds ambisjon om å utvikle ein sterk innovasjonskultur. Innbyggarane i nye Ålesund skal få gode tenester gjennom heile livsløpet.

Publisert: 25.09.2018 16:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37