Kort fortalt

Norled satsar grønt

Elisabeth Grieg ny styreleiar.

24.10.2019
NPK: Elisabeth Grieg vert ny styreleiar i ferje- og snøggbåtreiarlaget Norled AS.
Det stadfestar Norled i ei pressemelding, der selskapet mellom anna løfter fram Greig sitt engasjement for berekraftig verksemdsutvikling og kampen mot klimaendringane.
– Me er svært glade for at Elisabeth Grieg har takka ja til å verte styreleiar i Norled. Hennar solide nasjonale og internasjonale leiarkompetanse med ei tydeleg stemme innanfor det grøne skiftet i maritim næring vil vere viktig for Norled i den satsingsfasen som selskapet står i no, seier konstituert styreleiar i Norled, Torborg Chetkovich, i pressemeldinga.
Elisabeth Grieg vil formelt gå inn i stillinga som styreleiar 1. januar 2020. Ho har bakgrunn frå maritim sektor, der ho har hatt ulike styreverv i Grieg-gruppa. Ho sit også i styra til London Business School, SOS Barnebyer Norge og REV Ocean AS, og har vore president i Norges Rederiforbund.
Sjølv har ho dette å seie om sin nye arbeidsplass:
– Eg vurderer Norled som eit svært sentralt maritimt selskap med sterke skipsfartstradisjonar og dyktige medarbeidarar som både har, og framleis ynskjer, å lykkast i arbeidet med å drive fram klimaløysingar til havs, seier Elisabeth Grieg.

Publisert: 24.10.2019 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32