Kort fortalt

Norled tek over Kystvegekspressen

Skal drifte rute frå Måløy og Selje.

NPK
02.12.2021

Norled har vunne anbodskontrakten om hurtigbåtdrift mellom Selje, Måløy og Florø, ofte kalla Kystvegekspressen.

Kontraktsperioden startar 1. mai 2024 og varer til 30. april 2025, med moglegheit for oppstart noko tidlegare. Det ligg òg ein opsjon på fire nye år i kontrakten frå Skyss. I dag er det Fjord1 som drifter ruta.

– Vi er veldig glade for å ha vunne anbodet om Kystvegekspressen. Norled styrkjer no posisjonen sin som landets største hurtigbåtoperatør. Vi ser fram til å ønske velkommen passasjerar om bord og sørgje for gode reiseopplevingar, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden, i ei pressemelding.

Publisert: 02.12.2021 13:16

Sist oppdatert: 02.12.2021 13:18

Mer om