Kort fortalt

Normal beredskap i Møre og Romsdal

Slutt på besøksrestriksjonar på sjukehusa.

NPK
29.03.2022

(NPK-NTB): Helse Møre og Romsdal avsluttar koronaberedskapen og er tilbake i normal beredskap. Ei rekkje smitteverntiltak blir likevel vidareført.

Dei strenge besøksrestriksjonane blir oppheva, opplyser helseføretaket.

Framleis skal tilsette bruke munnbind i pasientnært arbeid, til dømes ved stell. Tilsette, besøkjande og pasientar på poliklinikk eller som får dagbehandling, skal bruke munnbind dersom husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære har covid-19.

Pasientar med nyoppstått luftvegssymptom bør framleis få utsett time til behandling dersom det er medisinsk forsvarleg.

(©NPK)

Publisert: 29.03.2022 11:32

Sist oppdatert: 29.03.2022 11:33

Mer om