Kort fortalt

Norsk gass kan vere utsett for sabotasje

Forskar med varsko.

NPK
11.03.2022
(NPK): Norsk gass er ein verdifull ressurs for Europa, særleg som alternativ til russisk. Det gjer den ekstra utsett for sabotasje, meiner forskar.


EU har varsla at dei skal redusere kor avhengige dei er av russisk gass med to tredelar, skriv VG. Det gjer at norsk gass blir eit viktig alternativ.

Samtidig er mykje av infrastrukturen styrt digitalt. Forskar Jakub Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt seier til avisa at ein nærmast må forvente sabotasje og angrep.

– Når Russland får så store økonomiske tap, må ein rekne med at dei vil ønske å gjere livet surare for Europa.

(©NPK)

Publisert: 11.03.2022 11:45

Sist oppdatert: 11.03.2022 11:46

Mer om