Det er måndag og tysdag denne veka eit møte mellom norske og russiske havforskarar i lokala til Havforskingsinstituttet i Bergen.
Det var opphavleg planlagt at møtet skulle finne stad på Svanhovd i Sør-Varanger. Sidan russiske flyselskap har forbod mot å flyge over EU-land, vart det ei komplisert reise via Dubai før forskarane kunne setje kursen for Noreg, melder NRK.
– Det var russarane sitt eige ynskje. Det var ein enklare reiseveg for dei. Og det var OK for oss, seier forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet.
Møtet i Bergen er viktige for fastsetjinga av kvotar som både russarar, nordmenn og tredjeland kan fiske på frå førstkommande nyttår. I løpet av måndag og tysdag vil norske og russiske havforskarar truleg kome fram til kor mykje som kan fiskast ut frå eit berekraft-perspektiv.
Sjølve fastsetjinga av kvotane skjer i det årlege møtet i den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Desse møta blir som regel haldne i oktober.
Publisert: 30.05.2022 15:58
Sist oppdatert: 30.05.2022 16:00