Kort fortalt

Norsk økonomi veks vidare

Sterk auke i vareproduksjonen.

09.09.2019
NPK-NTB: Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg steig 0,9 prosent i perioden mai til juli, samanlikna med februar til april.
Månadsveksten frå juni til juli var 1 prosent, ifølgje tal frå .
Det var ein sterk vekst i bruttoproduktet i fleire næringar i perioden mai til juni. Innan annan vareproduksjon var oppgangen heile 2,7 prosent. Dette gjeld mellom anna næringane bygg og anlegg, fiskeri, akvakultur og elektrisitetsproduksjon.
Alle desse har hatt ei særleg sterk utvikling både når ein ser på tremånadersveksten og månadsveksten.
Innan industrien var det ein vekst på 1,5 prosent frå februar – april til mai – juli. Tenestenæringane voks samla 0,9 prosent i same periode.

Publisert: 09.09.2019 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32