Kort fortalt

Norske grønsaker meir prisgunstige

Utanlandske grønsaker aukar meir i pris.

NPK
23.05.2022

Snart kan det bli billigare å handle norske enn utanlandske grønsaker, trur forskar.

– Prisutviklinga i Europa er mykje raskare og kraftigare enn her i Noreg, seier landbruksforskar Ivar Pettersen i Alo-Analyse til NRK.

Prisane på grønsaker aukar, mykje på grunn av auka prisar på innsatsfaktorar som mellom anna straum og gjødsel.

Men tal frå Eurostat som Alo-analyse har henta inn, viser at prisane på grønsaker i Euro-området det siste året fram til mars auka meir enn i Noreg.

Euro-området opplevde ein auke på 9,5 prosent, men prisane auka med berre 0,3 prosent her heime.

Og no startar grønsaksesongen i Noreg for fullt.

– Grønsakene vil bli litt dyrare, seier salatbonde Henrik Raastad Hoel hos Bjertnæs & Hoel i Vestfold og viser til at jordbruksoppgjeret berre dekkjer inn éin tredel av prisveksten. Den opne marknaden i grøntbransjen fører til at éin tredel må dekkjast inn av marknaden, og den siste delen må effektiviserast bort.

Men fordi prisane elles i Europa generelt har vore lågare, rammar også prisaukane utanlandske grønsaker hardare.

– Det aukar frå eit lågare nivå. Sånn at når gjødselprisar og liknande går opp, og gjødsla går opp like mykje i Europa som her, så slår det prosentvis mykje sterkare ut for utanlandske varer, forklarer forskar Ivar Pettersen til kanalen.

Han viser også til at det norske systemet med jordbruksavtalar, justering av tollvern og liknande avgrensar prisveksten for norske produkt

Publisert: 23.05.2022 11:23

Sist oppdatert: 23.05.2022 11:24