Kort fortalt

Norske klimagassutslepp aukar

Transport står for 30 prosent av utsleppa.

27.08.2019
NPK-NTB: Nesten ein tredel av norske klimagassutslepp kjem frå transport. Vegtrafikk står for halvparten av utsleppa frå denne sektoren, ifølgje SSB.
Samanlikna med 2017 har dei totale klimagassutsleppa i Noreg auka med 0,4 prosent i 2018, ifølgje førebelse utsleppstal frå .
Innan 2030 skal Noreg redusere klimagassutsleppa innan transport med 35 til 40 prosent samanlikna med 2005, ifølgje klimameldinga til regjeringa frå 2017.
Ifølgje SSB har ikkje utsleppa i Noreg vore så låge innan transport sidan 1990. Utsleppa frå transport har auka med 27 prosent frå 1990 til 2018. Førebelse utsleppstal for 2018 viser at transportutsleppet er omtrent på same nivå som i 2005.
Utviklinga i bruk av biodrivstoff i bensin og diesel har påviseleg verknad på klimagassutsleppet, ifølgje SSB.
I 2018 var det ein nedgang i sal av biodrivstoff. Denne nedgangen er hovudårsaka til at utsleppa frå vegtrafikk auka med 3 prosent samanlikna med 2017.
Førebelse salstal for petroleum for første halvår i 2019 viser 5 prosent nedgang i sal av bensin og autodiesel samanlikna med same periode året før. Biodrivstoff utgjorde 17 prosent av drivstofforbruket. Dette kan indikere at utslepp frå vegtrafikk vil bli redusert igjen dette året.

Publisert: 27.08.2019 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33