Kort fortalt

Norskehavet blir lågutsleppsområde for skip

Nye reglar frå neste år.

NPK
03.03.2025

(NPK): Frå 1. mars neste år blir Norskehavet nord for 62. breiddegrad eit lågutsleppsområde for NOx og Sox.

Dette tiltaket er ein del av innsatsen for å verne norske kyst- og havområde mot skadelege utslepp frå skip, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

Det nye regelverket inneber at skip i området berre kan bruke drivstoff med maksimum 0,10 prosent svovelinnhald frå 1. mars 2027. For NOx-utslepp vil det gjelde strengare krav for nye skip med dieselmotorar større enn 130 kW, avhengig av byggjekontrakten eller leveringsdatoen.

– I dei norske havområda finn ein det største kaldtvasskorallrevet i verda og fastlands-Europas største sjøfuglkoloni. I tillegg er Noreg blant dei leiande sjømatnasjonane i verda med oppdrettsverksemd og viktige villfiskbestandar som torsk, lodde og sild som også må vernast om, seier Vidar A.T. Thorsen, seniorrådgivar på internasjonalt miljø i Sjøfartsdirektoratet.

Tiltaket er i tråd med den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMOs konvensjon MARPOL, som opnar for strengare kontroll med utslepp til luft frå skip i bestemte havområde.

(©NPK)

Publisert: 03.03.2025 13:11

Sist oppdatert: 03.03.2025 13:11

Mer om