Kort fortalt

Norwegian kansellerer flygingar

Streiken blir trappa opp.

NPK
20.06.2022

(NPK-NTB): Flyteknikarstreiken held fram og blir ytterlegare trappa opp måndag. Norwegian har kansellert fire flygingar som følgje av streiken.

– To ruter er kansellerte, den eine går frå Bergen til London Gatwick og den andre frå Oslo til Nice, seier pressekontakt Silje Glorvigen i Norwegian til NTB.

Flygingane går tur-retur, så dermed er det fire flygingar som blir kansellerte.

– Årsaka er at vi har hatt fly som har hatt behov for teknisk kontroll, som vi ikkje har hatt moglegheit til å gjennomføre på grunn av personalmangel som følgje av streiken, seier ho.

Streiken vart trappa opp
Natt til laurdag vart 31 flyteknikarar frå Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) tekne ut i streik, og ytterlegare 75 blir tekne ut måndag morgon.

Hos Widerøes er førebels ingen flygingar ramma per måndag morgon, men dette kan endre seg i løpet av dagen, ifølgje kommunikasjonssjef Catharina Solli.

Ho påpeikar at ho førebels ikkje har informasjon om kva flyteknikarar som er tekne ut i opptrappinga av streiken.

– Ingen flygingar er påverka no, men eg kan ikkje sjå bort frå at det ikkje vil oppstå noko utover dagen. Vi planlegg for normal drift, og planlagt vedlikehald prøver vi å få gjennomført på normal måte, seier Solli til NTB ved 7.30-tida.

SAS-flygingar som normalt
Også hos SAS går flygingane førebels som normalt trass streiken.

– I dag slik det ser ut no, er det ingen SAS-flygingar som blir påverka av streiken. Vi kjem tilbake til korleis situasjonen utviklar seg og om det blir noka endring, seier pressesjef Tonje Sund i SAS Norge.

Passasjerar som eventuelt blir ramma av streiken seinare, blir kontakta direkte av SAS.

(©NPK)

Publisert: 20.06.2022 10:50

Sist oppdatert: 20.06.2022 10:52

Mer om