Kort fortalt

NRK droppar ny sesong av Heimebane

Kan vere aktuelt på strøymeteneste.

17.09.2019
NPK-NTB: Det blir ingen sesong tre av Heimebane på NRK. Men det kan hende at ein ny sesong av TV-serien kjem på ei anna strøymeteneste i staden.
Det seier produsent Vilje Hagen i produksjonsselskapet Motlys til .
– I dialog med NRK så ser vi på eit mogleg samarbeid med andre strøymetenester, fordi vi, skaparane bak «Heimebane», føler vi har meir på hjartet og gjerne vil lage ein sesong til. Så vi får sjå kva som skjer framover, seier Hagen.
Serieskapar Johan Fasting har allereie byrja å skrive på sesong tre, seier ho vidare.
Dramasjef Ivar Køhn i NRK stadfestar at Motlys har foreslått ein tredje sesong for ei anna strøymeteneste.
– Vi liker historia og synest «Heimebane» har fungert veldig bra for oss og publikum, så vi er veldig positive viss det blir gjort ein ny sesong, men med ei annan type finansiering enn no.
Han avviser at NRK har vore misnøgde med sjåartala.
– Nei, vi har fått masse førespurnader frå folk om at dei har lyst på ein tredje sesong, så det er ikkje der det står, men vi er ein allmennkringkastar og må ha eit mangfald av tilbod, seier Køhn.

Publisert: 17.09.2019 17:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32