Kort fortalt

NRS-kjøp kan velte Salmar-plan

Vil hente inn to milliardar kroner til å kjøpe Salmonor.

NPK
17.03.2022

(NPK): Oppdrettsselskapet Norway Royal Salmon (NRS) varslar i ei børsmelding at det vil hente inntil to milliardar kroner i ny eigenkapital for å finansiere oppkjøp av lakseoppdrettar Salmonor.

Meldinga er oppsiktsvekkjande, sidan ein slik transaksjon kan velte ein annan og mykje større transaksjon, nemleg eit bod på 15,1 milliardar kroner som Salmar har varsla på konkurrenten NTS, skriv E24.

– Eg var ikkje klar over dette, seier Salmar-sjef Gustav Witzøe til nettstaden.

NTS er største eigar i både NRS og Salmonor, og Salmar har stilt som vilkår for det varsla bodet sitt at NRS ikkje kjøper Salmonor.

(©NPK)

Publisert: 17.03.2022 13:19

Sist oppdatert: 17.03.2022 13:32

Mer om