Kort fortalt

NVG-sild uvanleg langt nord

Dette viser årets sildetokt.

NPK
29.03.2022

Havforskingsinstituttet fann mindre sild enn i fjor på årets gytetokt, og fisken var lenger nord enn vanleg.

Gytetoktet på norsk vårgytande sild dekte gytefelta frå Møre til Troms.

– I fjor trefte vi silda ved Haltenbanken, som også er mykje lengre nord enn vanleg i midten av februar. Tidlegare har silda ofte komme seg sør til Buagrunnen på denne tida, seier toktleiar Are Salthaug på nettsidene til instituttet.

Mesteparten av gytebestanden var vest av Lofoten og Vesterålen. Forskarane anslår at bestanden er litt mindre enn det dei fann på fjorårets tokt.

2016-årsklassen, som er den dominerande årsklassen i bestanden og fiskeriet, er redusert med 37 prosent samanlikna med i fjor.

– Dette er innanfor forventningane gitt naturleg dødelegheit og høgt fiskepress, seier forskaren.

Publisert: 29.03.2022 11:20

Sist oppdatert: 29.03.2022 11:21