Kort fortalt

Ny Allkunne-redaktør

Stina Aasen Lødemel tilsett.

02.10.2018
NPK: Stina Aasen Lødemel (40) er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne i Ørsta.
Lødemel tar over 1. november etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som da går over i ny jobb som direktør i Nynorsk kultursentrum.
Lødemel har sidan 2013 vore redaksjonssekretær i Allkunne og var fungerande redaktør for oppslagsverket hausten 2016.
– No når kven som helst kan skrive kva som helst på internett, er fri tilgang til kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet. Stillinga gir meg ein unik sjanse til å fremje ei sakleg kunnskapsformidling som styrkjer bruken av nynorsk i den digitale kvardagen, seier Lødemel i ei pressemelding.
Den nye Allkunne-redaktøren har også før 2013 arbeidd for Nynorsk kultursentrum i ulike engasjement og vikariat. I 2008–2009 var ho dagleg leiar ved Kunsthuset i Ørsta. Ho har ein bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen og er i gang med eit masterstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Lødemel har òg vore representant i kommunestyret i Ørsta i perioden 2011–2015 for SV.
Allkunne er eit digitalt, redigert oppslagsverk på nynorsk, eigd og drive av Stiftinga Nynorsk kultursentrum.

Publisert: 02.10.2018 13:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37