Ny app for laksefangst
Inatur lanserer fangstapp og laksebørs.
Inatur lanserer i desse dagar ein ny laksebørs og ein fangstapp som skal forenkle rapportering og sjekk av fangstar for lakseeigarar, grunneigarar og forvaltarar.
– På laksebors-inatur.no kan fiskarar og tilbydarar til kvar tid sjekke fangstane. Fiskarane kan også registrere via FangstApp, som er tilgjengeleg for både IOS og Android. Det er mogleg å leggje inn rapportar sjølv i område utan dekning, seier Gudmund Nygaard i Inatur i ei pressemelding.
Fiske etter laks i norske elvar er strengt regulert, og alle laksefisk som blir fanga skal rapporterast til styresmaktene. Fleire elvar har vorte stengde på grunn av mangelfull rapportering.
– No blir det enklare å rapportere rett, både for fiskarar og fisketilbydarar. Det er ei smal sak å sjekke fangstane i yndlingselva, eller ei elv ein er nysgjerrig på. Ein kan også kjøpe fiskekort på børsen i appen. Vi håpar og trur at tilboda kjem alle som har med lakseelvane våre å gjere til gode, legg Nygaard til.
På den nye laksebørsen er det mogleg å lage trendrapportar, både for heile elva og enkeltvald, sorterte på blant anna reiskap og fiskeart. Slik er det mogleg å få god oversikt over svingingane gjennom sesongen og frå år til år.
Inatur Noreg AS er blant anna eigd av Statskog, Noregs fjellstyresamband og Norges Jeger- og Fiskerforbund. Inatur driv også med hytteutleige, der det mest er snakk om enkle hytter eit stykke frå allfarveg.
Publisert: 30.05.2022 16:03
Sist oppdatert: 30.05.2022 16:04