(NPK): Skatteveilederen.no har lansert den første norskutvikla appen og nett-tenesta for skattemeldinga.
Appen er meint å hjelpe brukarar med å fylle ut skattemeldinga på ein enklare måte, står det i ei pressemelding.
Den nye løysinga gir brukarane eit raskt overblikk over skattesituasjonen sin ved hjelp av smart teknologi. Appen fungerer som ein interaktiv guide der brukaren svarar på spørsmål og får ei tilpassa hugseliste over kva ein må kontrollere i skattemeldinga.
Agnor Pettersen, dagleg leiar og utviklar i konsulentfirmaet, seier hensikta med løysinga er å gjere informasjon om skattesystemet tilgjengeleg for alle.
(©NPK)
Publisert: 03.03.2025 13:09
Sist oppdatert: 03.03.2025 13:09