Kort fortalt
Ny finansdirektør i Arctic Bioscience
Jone R. Slinning startar 1. april.
23.03.2022
Arctic Bioscience har tilsett Jone R. Slinning som ny finansdirektør, opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag.
Han vil erstatte Danielle Glenn, som har takka ja til ei stilling i eit anna selskap.
I børsmeldinga blir det opplyst at Slinning har brei og lang erfaring frå ulike selskap, inkludert revisjons, bank- og finanssektoren.
Han kjem frå stillinga som finansdirektør i Cflow Fish Handling og for konsoliderte Enflow Group.
Publisert: 23.03.2022 09:09
Sist oppdatert: 23.03.2022 09:14