Kort fortalt

Ny forsking på lakselus

Pilotprosjekt i Nordfjord.

NPK
09.08.2021

Eit pilotprosjekt har sett nærmare på om det finst nye måtar å drive oppdrettsaktivitet på som kan gi betre forhold for oppdrettsfisk og villfisk i området kring Nordfjord. Med seg på laget har forskarane alle oppdrettsbedriftene i området, i tillegg til kommunane og andre forvaltarar.

– Vi har laga simuleringar som viser korleis lakselus spreier seg i Nordfjord ved hjelp av ulike scenario, seier havforskar Ingrid Askeland Johnsen på Havforskingsinstituttet sine nettsider.

Mål med prosjektet er å finne løysingar som reduserer lakselus-presset i området og som både forvaltning og næring kan bli einige om, seier Johnsen.

– I Nordfjord vart resultatet at ein i første runde har sett nærmare på effektane av koordinerte smoltutslett. Det vil seie at vi har sett på kva som skjer med produksjonen av lus i dette området, dersom alle oppdrettarane startar på ein ny produksjonssyklus same året, utdjupar ho.

No skal forvaltinga og næringa sjå vidare på kva som eventuelt kan gjerast i dei åra det er mykje oppdrettsfisk i sjøen, og dermed høgare produksjon av lakselus.

Publisert: 09.08.2021 19:28

Sist oppdatert: 09.08.2021 19:30

Mer om