Prosessanlegg fremmerholen1
NYTT RENSEANLEGG: Slik skal det nye vassbehandlingsanlegg sjå ut. Illustrasjon: Ålesund kommune
Kort fortalt

Ny frist for vassanlegg i Ålesund

Marius Rosbach
13.07.2023

Mattilsynet har gjort vedtak med ny frist 1. juli 2027 for at eit nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen skal vere ferdig.
Det kjem fram i ei melding frå Ålesund kommune.

Samtidig går det fram at kommunen risikerer dagbøter på 50.000 kroner, om fristen ikkje blir halde.

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, uttaler at dei har mål om å inngå avtalen allereie i haust.

- Det vi kan påverke når det gjeld framdrifta har vi kontroll på, og ut frå det vi veit no, så forventar vi å kunne innfri fristen til Mattilsynet og sleppe dagmulkt, uttalar ho.

Ho legg til at sjølv om det er krevjande å ha ein absolutt tidsfrist for arbeidet, så er Mattilsynet si oppfølging av saka også motiverande for å sikre tilgang til reint og trygt drikkevatn for innbyggarane i Ålesund, Sula og Giske.

Publisert: 13.07.2023 14:19

Sist oppdatert: 13.07.2023 14:19

Mer om