NPK: Ole Jan Tønnesen er tilsett som fylkesvegsjef og Stig Helle-Tautra blir kollektivsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Stillingane er oppretta som del av den nye organiseringa av samferdselsområdet, der stillingane har vorte overførte frå Statens vegvesen.
Ole Jan Tønnesen tiltrer i stillinga som fylkesvegsjef 29. juli 2019. Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Statens vegvesen, der han har jobba sidan 2015. Tønnesen har vore tilsett i vegvesenet sidan 2007.
– Som ein del av regionreforma får fylkeskommunen overført nye oppgåver som svarar til 130 stillingar frå Statens vegvesen. Det blir ein stor jobb med å gjere alt klart til å overta medarbeidarar og oppgåver innan 1. januar 2020, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i ei pressemelding.
Med dei nye oppgåvene vil samferdselsområdet ha vel 180 tilsette fordelt på ei vegavdeling og ei kollektivavdeling.

Publisert: 04.06.2019 19:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34