Kort fortalt

Ny helsetest for laksesmolt

NPK
15.09.2022
(NPK): Kvart år døyr 15 prosent av oppdrettslaksen når den blir sett ut i merdane. No har Nofima-forskarar utvikla ein test som skal motverke problemet.

Laks som skal omstille seg frå eit liv i ferskvatn til eit liv i saltvatn, treng eit robust immunforsvar for å klare overgangen. Den nye testen måler immunstatusen til smolten og kan gi informasjon som oppdrettarar vil ha nytte av når dei skal sette den ut. Det kan auke sjansan for at smolten overlever.

− For nokre år sidan fann vi at immunforsvaret vart svekt under smoltifisering. Så vi bestemte oss for å utvikle ein test for å måle immunstatus hos laks under smoltifisering, seier Aleksei Krasnov, seniorforskar i Nofima, i ei pressemelding.

Ved å ta ein prøve frå gjelle eller ryggfinne, utan å skade fisken, kan ein måle aktiviteten til 44 gen som er viktige for immunforsvaret.

− Vi ser kva fisk som er i god forfatning og kva som ikkje er det. Og vi veit kva fisk som verkar frisk, men som ikkje er det, seier Krasnov.

(©NPK)

Publisert: 15.09.2022 17:16

Sist oppdatert: 15.09.2022 17:17

Mer om