NPK: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil framleis ha nye prisreglar for nettleige frå 2021, men skal no lage eit nytt forskriftsforslag etter høyringsrunden sist vinter.
NVE vil over på ein modell dei kallar "abonnert effekt". Enkelt sagt betyr det at nettleiga skal bli høgare dersom du bruker mykje straum på éin gong, det vil seie meir enn det du har abonnert på.
I høyringsrunden var likevel skepsisen stor til den foreslåtte ordninga. Mange meinte at ordninga er altfor komplisert og vanskeleg å forstå, og at ho ikkje oppfyller intensjonen om ei meir effektiv utnytting av straumnettet.
– NVEs forslag gir ein enda meir komplisert, uoversiktleg og uføreseieleg straumpris. Vi er redde for at forbrukarane ikkje kjem til å forstå kva åtferd som vil gi dei lågare straumrekning, og målet om auka utnytting av nettet blir da heller ikkje realisert, skreiv mellom anna Forbrukarrådet, Huseiernes Landsforbund, Bellona, Nelfo og Boligprodusentenes Forening i ei felles høyringsfråsegn.
No har NVE arbeidd seg gjennom dei mange høyringssvara og tar sikte på å sende eit nytt forslag ut på høyring på nyåret.
– Mange er einige i målet om ei meir kostnadsrett nettleige, og at det er behov for å endre regelverket for korleis nettselskapa kan forme ut nettleiga. Føremålet med ei ny høyring er å få innspel til korleis nettleiga skal utformast for best å oppfylle målet om ei effektiv utnytting og utvikling av straumnettet, skriv NVE i ei pressemelding.
NVE tar framleis sikte på å innføre den nye nettleiga frå 2021.

Publisert: 20.09.2018 14:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37